
 Reisa til VikReiser du over fjellet frå Voss til Vik ein vakker maidag, er det som å køyre gjennom dei fire årstidene. Frå full vinter med snø på fjellet, snirklar du deg ned gjennom den svingete vegen gjennom våren, stoppar på utsikten som får amerikanarane til å ta i bruk ord som ”marvelous” og ”awesome”. Laaaangt der nede ved fjordkanten, ser du det Vikøyri har fått sommardrakta på.
Var det berre tre? Tja, hausten er noko for seg sjølv. Ta same turen ein vakker eller stormfull august eller septemberdag og du får ei heilt anna oppleving.
Reisa til Vik er ein del av opplevinga.
Med Vivaldi sin ”Dei fire årstidene” på full guffe i bilen eller på MP3, får turen ein ekstra dimensjon...
|