Startside

Om Hopstock

Attraksjoner

Reisa til Vik

Kurs/konferanse

Aktivitetar

Catering

Kart og reiserute

Lenker

Kontakt oss

Sognefjord Charter Cruise








 


 Aktivitetar

  - du skal ikkje gløyme Hopstock og Vik!

  For deg som vitjar hotellet åleine og for kurs og konferansegrupper har vi massevis av spennande
  aktivitetar vi kan sy inn i ein opplevingspakke:


Borgstova 
Borgstova frå 1860 ligg berre ein liten spasertur frå hotellet. I dag er stova nytta til ulike arrangement, og er open for grupper. Her kan du m.a. bli med på kurs i ølbrygging og slappe av med god mat.


Finden 
Vi tek båt ut til Finden og Finden Gard der Synnøve Finden har sine røter. Her driv Laila og Lars Finden med geitehold og gardsturisme.

Finnabotn 
Vi køyrer forbi veglause Finden og inn i Finnabotnen - eit verna og særmerkt landskap i ein sidefjord til Sognefjorden. Den innelukka fjorden er ein av dei villaste og mest naturlege i verda.

Fjellturar 
I Vik kan du gå fjellturar i det mektige Vikafjellet og den flotte Stølsheimen. Du kan parkere bilen og gå på enkle vandringar rett frå bilvegen på Vikafjellet. Vikafjellet og Stølsheimen kan by på mange turar, mellom anna desse:
Storehaug - StoresvingenHestavollen - HolaBungane.
Turkart kan kjøpast på turistinformasjonen.

Paintball 
Lyst på litt action, konkurranse og adrenalin-kick? Då tek vi gruppa di med og skyt Paintball. Vi stiller med alt utstyr. Garantert moro!


Julehuset 
Kvar jul har du truleg motteke eitt eller fleire julekort teikna av Johnnie Jacobsen, kunstnaren som held til i Julehuset på Vikøyri. Her finn de maleri, skulpturar og trykk. Julebutikk.

Kraftstasjonen på Hove 
Kva med ein fiolinkonsert inne i kraftstasjonen på Hove! Ei oppleving som sit spikra. Vi serverer og gjerne middag for større grupper.

Laksefiske i Vikja 
I Vikjaelvi kan ein fiske etter laks 15 juni - 15 september. Fiskeplassar er tilgjengelig og for rullestolbrukarar.

Fiolinkonsert i stav- eller steinkyrkje 
Vi i Vik er stolte av kyrkjene våre. Vi har tidlegare med stor suksess arrangert fiolinkonsert i f.eks Hove steinkyrkje.


Bre-tur med mat & champagne 
Frisk luft og litt aktivitet er bra på alle kurs og konferansar. For større grupper tek vi gjerne med kjøkensjefen opp til næraste bre - og serverar gourmet mat og god drikke på.
Fjord Rafting (RIB) 
Opplev Sognefjorden i høgt tempo. Hotelleigar Carl Andrè Riiber tek deg med på ei fartsfylt oppleving i RIB på Sognefjorden. Må opplevast!